Link to website Item 2






Heider til Johannes G Eide


Johannes G Eide
 
  
04.01.2002 – Grundaren og eigaren av Eide-gruppen Johannes G Eide fekk i begynnelsen av desember i fjor tildelt heiderspris.   




Fredag 7. desember vart ein svært overraska og rørt Johannes G. Eide heidra under ei tilstelling i samfunnshuset på Halsnøy. Han fekk overrekt ein heiderspris og eit flyfoto av heimbygda.

Johannes sjølv var totalt uvitande om heideren han skulle bli til del, då han vart invitert til det han trudde var nok eit julebord. Bak prisen står ei rekkje privatpersonar og industrifolk, i hovudsak frå Halsnøy.

– Vi ville nytta høvet og heidra Johannes. Ikkje berre for arbeidet han har lagt ned for industrien i Høylandsbygd, men òg som ei av drivkreftene bak bygginga av alders- og sjukeheimen på øya, seier ein av bakmennene til heidersprisen, Reidar Sætre.


<- back/tilbake