Johs G Eide: Riddar av 1. klasse
15.12.2006 – Adm. direktør og eigar av Eide-gruppen, Johannes G. Eide, vart hylla av fylkesmann Svein Alsaker då han i går utnemnde Eide til Riddar av 1. klasse av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden
Johannes Malvin Eide er første halsnøybu som er slått til riddar av St. Olav. – Eg veit ikkje om nokon som fortener medaljen betre enn deg, sa initiativtakar Thore Medhus. – Du heidrar dei gamle halsnøymeistrane, men er kanskje største halsnøymeisteren sjølv, sa Medhus som i si tid valde å verta skipsingeniør. Fordi Eide sa til han at båtar og skip og slikt er no mykje kjekkare enn motorar. Tore Lande Moe ved Sunnhordland museum helsa riddaren med å oppsummera nokre eigenskapar ved mennesket Johannes Malvin Eide. – Han har stort kontaktnett og evne til å få med seg andre. Ein positiv og iderik person som får gjort noko, sa Lande Moe. Best i minnet sit junidagen då «Skjoldmøen» fekk eige monument på Larsstø. Ordførar Bjarne Berge meinte Hans Majestet Kongen hadde teke seg fint inn igjen etter at han ikkje kom til Skjoldmøen-jubileet. Utmerkinga er på sin plass, heldt Berge fram og meinte Eide først og fremst er ein modig mann. – De Eide-folk er entreprenørar som set i gang og får ting til. De utfører operasjonar og nye prosjekt og utviser stort mot, både europeisk og internasjonalt. Slikt står det respekt av, sa Berge.Kong Oscar Den Kongelige Norske St. Olavs Orden vart oppretta i 1847 av kong Oscar I. Paragraf 1 lyder: ”Denne Orden er indstiftet for at belønne utmærkede Fortjenester af Konge og Fædreland, af Menneskeheden eller af Kunst og Vitenskap”. Opp gjennom åra har monarkane tilpassa statuttane og kong Harald bestemte i 1997 at «Denne orden tildeles som belønning for utmerkede fortjenester av fedrelandet og menneskeheten».
<- back/tilbake
|