Link to website Item 2






Kvinnherad Kommune Gratulerer Eide Marine Services AS

 
 
  
21.08.2000 –  Kvinnherad Kommune Gratulerer Eide Marine Services AS med utførelse av «Sleipner» oppdraget



Med den maritime kompetanse og kapasitet dykkar selskap har utvikla gjennom mange år, var me i Kvinnherad kommune glade for at hevingsoppdraget med «Sleipner» vart tildelt Dykk.

Som alle andre har me sjølvsagt vore merksam på at oppdraget ville vera komplisert og risikofyllt, og at kravet til god organisasjon, stor teknisk kompetanse og røynsle frå tidlegare maritime operasjonar ville vera ein føresetnad for å kunne lukkast.

Me veit at oppdraget har stilt uvanleg store krav til alle involverte. Heile hevingsorganisasjonen har fått røyna seg, med media og den nasjonale opnionen sine søkjelos retta mot seg.

Difor er me som kommune stolt over at oppdraget lukkast. Me er stolt over å ha ei verksamd i kommunen som tok ansvar for ei utfordring som ligg i grenseland av kva som er mogeleg å få til, og faktisk gjennomførte oppdraget til beste for staten som oppdragsgjevar og for alle andre involverte.

Kommunen gratulerer.

Med vensam helsing,

Aksel Kloster
ordførar



<- back/tilbake